Sulemarsjen 2015 til Ulvegreina
Den tradisjonsrike Sulemarsjen vert også i år arrangert fredag 1. mai.
Vi møtast ved bommen kl. 12.00 og dei ekstra spreke som vil sanke fjelltrimpoeng på Dumbetinden kan møte kl. 11.00. Alle som går Sulemarsjen til Ulvegreina får 15 fjelltrimpoeng (Salane).
Resultat av fjelltrimmen 2013/14 er klar, og på toppen av Ulvegreina vil det bli premieutdeling og trekking av gåvekort.
I 2015 feirar vi friluftslivets år og SIL har markert dette ved å laga eigendesigna fjelltrim t-skjorte.
På toppen av Ulvegeina starter vi sal av dei fine, grøne fjelltrimskjortene. Pris: Vaksne: kr. 100,-. Barn: kr. 50,-. (T-skjortene er sponsa av Enivest)