Sula Hula Cup 2016
Atter ein Sula Hula Cup vart arrangert onsdag 28. desember i Romjula.
I år var det 5 lag med, dette var:
- Gyltefesten – Famililag som stammar frå Gylta + nokre andre festdeltakarar.
- Etter Urd synger Sulingane – Venelag av Suleungdomar og fjorårets vinnar av cupen.
- Øyskår – elitelag frå Hordaland med Øystein Lien som link til Sula.
- De vise menn og kvinner – Familielag frå familien Mongstad med vener.
- Smash it – Venelag beståande avSuleungdomar + Tor Arne
Alle laga spelte ein kamp mot alle laga med sett til 15 poeng. Til slutt vart det bronsefinale mellom De vise menn og kvinner mot Smash it. Dette vart ein spanande kamp der kvar av laga vann kvart sitt sett, men 3. settet og kampen vart til slutt vunne av De vise menn og kvinner.
Finalen vart til slutt mellom Øyskår og Etter Urd synger Sulingane, der fyrstnemnte stakk av med seieren. Desse hadde kome eins ærend frå Hordaland for å vere med på turneringa og reiste heim med premien som var kvar sitt flaxlodd og ein pose med julegodt på deling.
Tekst og bilete: Irene Sanden