Innkalling årsmøte for 2022
Til medlemane i Solund Idrettslag:
Innkalling til årsmøte i Solund Idrettslag 2022
Styret kallar med dette inn til årsmøte i Solund Idrettslag
Torsdag 2. mars 2023 kl. 19:00 på Solund Dagsenter.
Saker som eit medlem ynskjer handsama på årsmøtet, må sendast styret seinast 16. februar 2023 til info@solundil.no. Ein ynskjer at vedlagte mal vert brukt, sjå vedlegg.
Fullstendig sakliste med alle saksdokument vil bli gjort tilgjengeleg for medlemane seinast ei veke før årsmøtet på FB-sida til Solund Idrettslag, www.facebook.com/solundidrettslag/.
For å ha stemmerett og kunne bli vald til verv må ein ha vore medlem av Solund idrettslag i minst ein månad, fylle minst 15 år i det kalenderåret årsmøtet vert helde, og betalt medlemsavgifta. Alle medlemar har uansett møterett, talerett og forslagsrett.
For meir informasjon om årsmøte samt regler om stemmerett, valbarheit, forslagsrett mv., sjå Solund Idrettslag si lovnorm: Lovnorm – Solund Idrettslag (solundil.no)
Ved spørsmål som gjeld årsmøtet, kan Solund Idrettslag kontaktast på info@solundil.no eller tlf. 928 83 891 til styreleiar Hilde Moen Lamo.
Velkomen til årsmøte!
Med venleg helsing
Styret i Solund Idrettslag