Idrettsdag i Solund Idrettspark
Ein kjekk Idrettsdag i Solund Idrettspark er over.
Vi starta med Mosjonsløpet med 27 deltakarar. Løpet gjekk frå busskuret i Håneset til Idrettsbygget. Denne runden fram og tilbake var målt opp til 1 km, så dei som ville springe 3 km, som er ein av grenene til Idrettsmerket, sprang denne runden 3 gongar. Det var mange barn som imponerande nok fullførte 3 rundar, den yngste var knapt 6 år og brukte berre drygt 20 minutt!
Etter løpet gjorde det godt med litt mat og drikke før vi fortsatte med 60 m, hoppe lengde (med eller utan tilløp) og kulestøt. Kjekt å kunne teste ut det nye fantastiske friidrettsanlegget, sjølv om det ikkje er heilt ferdigstilt. Både vaksne og barn, ca 50 i talet, sprang, kasta, hoppa, åt og koste seg denne flotte sommardagen.
På slutten, når dei fleste var gått, var det ein våken 5-åring som etterspurte premiar. Vi gløymte rett og slett å dele ut medaljar til dei som var med på Mosjonsløpet. For dei som ynskjer sin godt fortente medalje for flott gjennomført løp, stikk innom Heidi på Øybygg så får du den.
Lurer du på kor fort du må springe, kor langt du må hoppe eller kor langt du må kaste for å klare kravet til Idrettsmerket, sjekk ut denne sida hjå Idrettsforbundet.
Bruk sommaren til å trene for å klare kravet om du ikkje allereie klarer det. Her er litt innsamla bilder frå dagen.
Ha ein fin sommar!
Tekst og bilete: Irene Sanden