Årsmøte 2014
Søndag 8. februar vart det halde årsmøte i Solund Idrettslag.
Eit nytt styre vart vald med Kim Arnes som leiar. Nye ordinære styremedlemmar er Nina Engevik og Jørn Otto Olsen. SIL takkar avgåande styremedlemmar Egil Røed og Ingunn Mjåtveit for flott innsats.
På årsmøtet vart det ein lang diskusjon om medlems-kontingenten, som ikkje hadde vore endra sidan 2011. Årsmøtet vedtok at kontingenten skal auka med 50-100 kr per person frå 2014 til 2015, samt at eigeninnsatsen for trimrommet skal auka frå 200 kr til 400 kr per år.
I januar 2015 investerte SIL over 50.000 kroner i nytt utstyr for trimrommet. Styret ynskjer å fortsette trimrom-satsinga også i framtida og då er det naudsynt å auke eigenandelen. Trimrommet går likevel ikkje med overskot og difor er det viktig at ALLE som brukar trimrommet betalar eigenandelen. 400 kroner er framleis veldig billig i forhold til dei fleste andre trimrom i Norge.
Medlemskontingenen for 2015 finn du under Bli Medlem.
Møteboka frå årsmøtet finn du her.