Idrettsdag

Søndag vart det arrangert Idrettsdag på Idrettsbana. Om lag 60 personar koste seg i finvêret og deltok på mosjonsløp, lengdehopp, kulestøt og 60 meter. 

Dagen byrja med 1,5 km mosjonsløp rundt Hardbakke sentrum, alternativt 3.000 meter for dei som ville prøve seg på å ta idrettsmerket. Det var mange som syns dette var gøy, og framfor alt dei yngste gjorde ein kjempe-jobb med å springe mosjonsløpet.

Etterpå var det lengdehopp, kulestøt og 60 meter på Idrettsbana. For dei minste hadde Sparebanken Sogn og Fjordane konglekasting, og dei litt eldre kunne prøve seg på både frisbeegolf og skateboarding. I tillegg var det sal av suppe (takk til Solund Verft som sponsra), svele og fruktsalat.

Solund Idrettslag ynskjer å takke alle som stilte og gjorde dette til ein fantastisk ettermiddag med mykje gøy for både vaksne og born. Takk også til arrangement-kommitteen og dei som bidrog med tid på både laurdagen og søndagen.

Tekst og bilete: Mark Elvevåg

Premieutdeling. Alle fekk medalje.
Premieutdeling. Alle fekk medalje.
Langt hopp av Hanne Mjåtveit.
Langt hopp av Hanne Mjåtveit.
Isabella Sundal Arnes hoppar langt.
Isabella Sundal Arnes hoppar langt.
Full fart i 60 meter.
Full fart i 60 meter.
Kent Inge Strand startar Mia Einen Paulsen og Oda Sanden Hove. Isabella Sundal Arnes ventar på sin tur.
Kent Inge Strand startar Mia Einen Paulsen og Oda Sanden Hove. Isabella Sundal Arnes ventar på sin tur.
Sander Sundal støter kula.
Sander Sundal støter kula.
Mykje aktivitet på Idrettsbana.
Mykje aktivitet på Idrettsbana.
Full aktivitet på Idrettsbana og skateparken.
Full aktivitet på Idrettsbana og skateparken.
Volontøren Steven (i bakgrunnen) gav tips til ungdomane om skateboarding. Daniel Elvevåg prøvar seg.
Volontøren Steven (i bakgrunnen) gav tips til ungdomane om skateboarding. Daniel Elvevåg prøvar seg.
Mange ville prøve frisbeegolf. Kjell Mongstad tel kor mange disc som går inn i korga.
Mange ville prøve frisbeegolf. Kjell Mongstad tel kor mange disc som går inn i korga.
Guro Einen Osland springer fort i mosjonsløpet.
Guro Einen Osland springer fort i mosjonsløpet.
Linus Sundal gjev alt på mosjonsløpet.
Linus Sundal gjev alt på mosjonsløpet.
Magnus Omang Irgens vann 3.000 meter før Øystein Espeland.
Magnus Omang Irgens vann 3.000 meter før Øystein Espeland.
Oppvarming med Kari Einen.
Oppvarming med Kari Einen.

Leave a Reply