Sym deg til Kreta
Du har vel ikkje gått glipp av at du no kan symje til Kreta? I perioden 1.januar til 31. mars arrangerer Norge Svømmeforbund sin årlege mosjonskampanje, og Solund Idrettslag er sjølvsagt med!
Kvar torsdag kl. 19.00-21.00 er det lagt opp til å symje langt i bassenget på Idrettsbygget. Blant alle vaksne som symjar totalt 10.000 meter, og born som symjar totalt 2.500 meter, vert det trekt vinnarar av familieturar til Kreta. Kvart år deltar om lag 25.000 personar rundt om i Norge i denne kampanjen.
Du finn meir informasjon på www.svomlangt.no.